Finnmarksturné

 
krabbe.jpg

20.september fylte Marit Gundersen opp bilen med sju energifylte Fjellheimelevar klare for ei veke på turné i Finnmark. Våre tre hovudstopp var Kautokeino, Karasjok og Lebesby/Bekkarfjord. Her deltok vi på ulike møter og gudstenester, bidrog med song og vitnesbyrd, og opplevde ein heilt unik natur og kultur.

Noko av det som skapte mest inntrykk var å sjå det store ønske om å samlast som eit kristent fellesskap i Bekkarfjord og Lebesby. På tross av at det var få kristne i bygdene, blei det arrangert barnelag for to ulike aldersgrupper; der prosentoppslutninga var stor. I tillegg samlast dei til møte i heimane til kvarandre. Vi fekk vere med på to av møtene, der Tormod Gusland talte.
Det var veldig trygt og godt å vere med i desse fellesskapa, noko som gjorde det mykje lettare for oss å utfordre oss på vitnesbyrd, leiing og song. Vi blei godt tatt imot, og vi opplevde stor takksemd frå forsamlinga.

Ny kultur

I Kautokeino og Karasjok var møta prega av den samiske kulturen. Dette spegla seg tydlegast under gudstenesta i Lahpoluoppal. Kyrkja var heilt full denne dagen, og alle gjekk i vakre kofter. Alt som blei sagt under gudstenesta blei tolka, og songane blei sunge på samisk. Etter møtet samlast vi i den nedlagte skulen ved sidan av kyrkja. Her fekk vi smake god, samisk tradisjonsmat; nemleg Bidos.

I Kautokeino var vi med på konfirmantane si fyrste samling. Her fekk vi prate, ete og arrangere aktivitetar med samisk ungdom. I starten var det vanskeleg å bryte inn i samtalen sidan alle snakka samisk, men det var svært spennande å sitja å høyre på når dei snakka om kulturen sin. Blant anna kom eg i snakk med ei som sydde si eiga kofte!

 
Redigert bilde.jpg
 

Nordnorsk-natur

For meg blei det også ein stor oppleving å få vere med på krabbe- og kveitefiske i Bekkarfjord. Med varme termodressar satt vi i båten til Peder Jensen, omringa av vakkert kystlandskap og litt sur nedbør. Vi fekk til og med ete oss mette på den luksuriøse kongekrabben.

Vi fekk verkeleg oppleve dei store avstandane i Finnmark under denne turneen. Til saman køyrte vi i opp mot 30 timar. Men dette gav oss god tid til å sjå på dei langstrakte viddene, ta bilete av reinsdyr langs vegen, og ikkje minst: sjå nordlys.

Takk for turen!
-Kristine Friborg         


Har du lest disse sakene?

 
 
 
Fjellheim Bibelskole