Øst-Finnmark

Å få reise til Øst-Finnmark er ei spanande oppleving. Kulturen er annleis, landskapet er annleis og folka er annleis. Det er ikkje utan grunn at Indremisjonsforbundet plar å seie at Finnmark er deira ytremisjon.

Her var det me reiste, ein ungdomsgjeng (Ja, lerar Jørgen på 35 år er framleis ungdom) frå Fjellheim for å halde møte, barnelag, vere på sightseeing og slappe av. Me fekk sjå kyrkjer, byar, Russland, havet, strender, elver, Noregs austlegaste punkt og mange av Noregs finaste punkt.

Ein kan bli gripen av naturen i Nord-Norge, men det største og finaste var likevel alle folka me møtte. Særleg tweens/ungdoms-gruppa på Vestre Jakobselv Misjonssenter var kjekk. Grunna få folk har det vore vanskeleg å få til kontinuerlege samlingar for denne gruppa, så me var spente på kor mange som ville kome. Når andakten var i gong telte me 8 ungdomar frå 5. til 10. klasse som kom, utruleg kjekt. Me fekk syngja ilag, høyra ein andakt, bli utfordra i quiz om andakten og leika ilag.

Då me skulle ha stolleiken, var det fleire som påsto at denne leiken var dei verdsmeistarar i, så det må nok ha vore VM i stolleik i misjonssenteret den kvelden. Me som kom frå Tromsø rauk ut ein etter ein, medan verdsmeistrane frå Vestre Jakobselv kjempa om den gjeve premien som kunne få blodsukkeret opp.

Etterpå var det saft, kjeks og godteri med god drøs. Stemninga var god, så god at verken leiarar eller deltakarar hadde lyst å skiljast. Eg sat igjen med ei takksemd etter kvelden, men òg ei sorg over at det ikkje er fleire som driv misjon i Finnmark. Det finst mange unge i nord som aldri får høyra bodskapen om Jesus.

Hausten er stor, men arbeidsfolka få…

-Håkon Brekkå

 

Har du lest disse sakene?

 
Fjellheim Bibelskole